Faktaboks

Erik Erikson Horne
Honne, Erik Erikson
Fødd
født ca. 1730
Død
1798

H. må ha vore mykje verksam ettersom han er tileigna ein dekorgruppe som er mykje utbredt i Sør-Trøndelag frå andre halvpart av 1700-talet. Typisk for denne målinga er blå rankar eller regence-band mellom symetrisk bladverk på grå-kvite fyllingar. Denne dekoren kan vera inspirert av blådekoret hollandsk fajanse. Hovudfarge og ramtre er olivengrøne med listverk i mønjerødt. Meisteren bak denne særprega målinga er kalla "Blåmålaren". Er dette H., må han ha hatt ein uvanleg stor produksjon og eit stort virkefelt. Bokstavtypar og tal tyder på at det stort sett er ein mann som står for målinga. Men, truleg har fleire målarar måla omlag likt, mogleg etter forbilde av H. Ein kan ut frå dette snakka om den eldre og yngre Horne-skulen. Slik går hovudfargen over frå grønt til blått ca. 1800, etter at H. er død. H. skar og måla altartavle og preikestol i Lønset kyrkje 1774–76. Han måla altartavle og preikestol i Øksendal kyrkje i 1783. Sonen Knut E. Horne har, med fleire målarar, fortsett og utvikla målinga til H.

Familierelasjoner

Gift med

  • Gjertrud Halvorsdotter

Far til

Bosatt (pr 1982-1986)

  • garden Honne i Gjevilvassdalen på Oppdal

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Trøndelag Folkemuseum
  • Meldal Bygdemuseum

Litteratur

  • Rise, O. J., Oppdalsboka, Oslo, 1951, bd. 2, s. 238, 244
  • Grefstad, O., Håndverk, husflid og bygdekunst, Meldal bygdebok, Orkanger, 1972, bd. 2, s. 408-409 (ill.)
  • Viken, I., Dalgard, O. (Red.), Kunst og kunstnarar frå Oppdal, Oslo, 1979, s. 14, Horne karane i
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 233-235 (ill.)