Faktaboks

Knut Eriksen Horne
Dørrum, Knud E.; Honne, Knut Eriksen; Dørrumshaug, Knud E.
Fødd
1763, Oppdal
Død
1848, sst.

Første lærdomen fekk han hjå faren, seinare truleg påverka av ein ukjent omvandrande målar. Likskap med dekorativ måling i Gudbrandsdalen og Sunndalen tyder på at målarane i distriktet har påverka og lært av kvarandre. Karakteristisk for H. er bruk av latinske innskripsjonar og figurmotiv. Figurmotiva er truleg etter direkte forlegg frå tresnitt og trykk. Mytologiske og bibelske personar, kongelege, ryttarar og dyr er stivt og skjematisk kopiert, men blir dekorative og sjølvstendige med di at fargelegginga er spontant gjort. Friare komponert verkar dei mangefarga blomsterbukettane i vasar og overflødighetshorn. Karakteristisk er tulipanar og nypeliknande knuppar, ofte med eit par blå fuglar i toppen. Desse motiva målar han i oljefargar på dører, skåp og kister, men under kistelokka, og oppe i taket målar han i limfarge. Penselen flyt godt i limfargen og her slepp han seg laus, ubunden av forlegg. Slik blir det gjennom den ledige, skapande bruk av ranken H. får ein framståande plass i folkekunsten. Ein ser denne ranken fullt utvikla under lokket på ei kiste han har signert i 1792 (gjengitt i I. Viken, Folkekunst, Oslo 1954, nr. 2). Hovudverket til H. er dekoreringa av Vikastuggu frå Oppdal i 1795 (Trøndelag Folkemuseum). Med eit par fargar, raudt og blått i dobbeltkontur, med blå tynne bladnervar på den krittkvite grunnen, dekte han taket og delar av veggane med rankar og rosettar. Meisterleg er det harmoniske samspelet melom dekorert og umåla treverk i stuggu. H. meistra den barokke ranken utan å overdekorera rommet. Den originale dekoren brann i 1975, men er no så langt råd er rekonstruert. Etter 1800 ser ein eit omskifte i arbeida til H. Han sluttar stort sett med figurmotiva og går over til å bruka meir treskurd i dekoren. Men han brukar dei same mangefarga blomsteroppsatsane på gråkvit, ljosgrøn eller blågrøn botn. H. var gjennom dei trykte forbildene borti både rokokko og klassisisme. Men ein må helst karakterisera målinga hans under barokken. Det er akantusen han meistrar best, sjølv om han kuttar opp den laupande ranken i rosettar bunden i rokokkoen sin C-form. Det ser ut for at H. har hatt mykje å seia som inspirator og føredøme for folkekunsten på Oppdal.

Familierelasjoner

Sønn av

Gift med

  • 1805 med Ingrid Andersdotter Dørrum

Bosatt (pr 1982-1986)

  • Fekk med enkja Ingrid Andersdotter Dørrum garden Dørremshaugen

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Oppdal Bygdemuseum
  • Trøndelag Folkemuseum

Litteratur

  • Rise, O. J., Oppdalsboka, Oslo, 1951, bd. 2, s. 244-246
  • Visted, K., Stigum, H., Vår gamle bondekultur, Oslo, 1952, bd. 2. s, 101 (ill.)
  • Hauglid, R., Norsk Folkekunst, Oslo, 1952, s. 69 (ill.)
  • Viken, I., Knut Horne, Folkekunst, Oslo, 1954, nr. 2 s. 5-11 (ill.)
  • Tiller, S. O., Folkemuseet for Trondheim og Trøndelag, Trondheim, 1961, s. 51-55 (ill.), (veileder)
  • Asker, R., Rosemåling i Norge, Oslo, 1970, s. 15 (ill.)
  • Racz, J., Anker, P., Norsk Folkekunst, Oslo, 1975, (ill.)
  • Dalgard, O. (Red.), Kunst og kunstnarar frå Oppdal, Oslo, 1979, s. 13-23 (ill.)
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 233-236 (ill.)