Liv og virksomhet

Faren må ha vore viktigaste læremeisteren. I 1980 vart denne innskripsjonen avdekt på eit framskåp på oppigard-Vinndal i Lønset, Oppdal: "Snekkeret og mallet og forfærdiget af Halvor Erichsen Horne den 17 December Anno 1789." Til da var dette eit ukjent kunstnarnamn, men denne framskåpen viser ein øvd treskjærar og ein god målar. Skjæringa viser gjennombrote lauvverk, i barokk karakter, nærast plastisk utforma. Det som karakteriserer målinga er særleg dekoren på listverket som er delt opp i kvadratiske raude og blå felt, som frå kantane tynnest ut mot kvitt på midten. Over dette er lagt svarte rutenett og bladverk med prikkar. Elles er målinga mykje lik målinga til Knut H. med tulipanliknande blomar og blå rankar på kvit botn. På kvit botn er det måla springande dyr og tre med fuglar. H. har dei lange bibelsitata med dekorative bokstavar som er så karakteristisk for Horne-karane. I heile er det stor likskap i målinga til Halvor, Erik og Knut H. Det er rimeleg å tru at Halvor har laga ein del som ettertida har gjeve faren Erik og broren Knut æra for. Årsaken til at Knut H. er blitt meir hugsa kan vera den meir utadvente levemåten hans. Halvor har kanskje verka meir i det stille, og det kan kanskje vera forklaringa på at den store produksjonen som Horne-karane er tillagt kan vera mogleg.

Familierelasjoner

Sønn av