Faktaboks

Pål K. Hulebak
Hulebak, Paul K.
Fødd
1788, Hemsedal
Død
1861, USA

H. lærte truleg rosemålaryrket av faren. Ein viss slektskap er det i stil og farge, særleg dei første åra. Karakteristisk er "Hulebak-tulipanen" på den S-forma stengelen med blad og små blomar ut til sidene, like eins rokokko C-ane med tett bladverk omkring. H. skil seg ut frå faren ved større detaljrikdom og finare lineteikning. I mellomperioden fram til ca. 1850 får stilen hans eit umiskjenneleg Valdres-preg. På kister og større flater er mønstret framleis ordna symmetrisk, oftast med C-bogane vende mot kvarandre og samanbundne med eit band oppe og/eller nede. På sitt beste viser H. ein fin og kjenslevar koloritt, men ornamentikken er nokså stereotyp. Etter at tinndølen Thomas Luraas hadde arbeidd i Hemsedal i 1850 og 1852 la H. om stilen sin. Frå no av prøvde han langt på veg å kopiere Luraas-rosene, men nådde aldri opp mot telemarkingen i teknisk meisterskap. I 1861 emigrerte Pål med kone og ni barn til USA. På vegen innover i landet fekk han tyfus og døydde straks dei kom fram til Goodhue County i Minnesota.

Familierelasjoner

Sønn av

Litteratur

  • Flaten, H., Hemsedals Slektshistorie 1693–1923, Drammen, 1925, s. 266, 312
  • Flaten, H., Hemsedal 1814–1914, Drammen, 1915, s. 88, 197
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 83