Faktaboks

Nils H. Bæra
Skule-Nils
Fødd
1785
Død
1873

I ungdomen verka B. nokre år som omgangsskulelærar, og oppnamnet "Skule-Nils" fylgde han heile livet. Truleg kom han tidleg i målarlære hjå faren, men det er få sikre arbeid av han før ca. 1820, då han sto fram som fullært rosemålar. I sitt første kjente arbeid (ca. 1820-25) er han sterkt påverka av farens stil, utan den sirlege lineteikning og store detaljrikdom han etter kvart la seg til. I slutten av 1820-åra dyrka han rokokkostilen i si eiga, personlege form, men berre i ein kortare periode og nesten berre i romprydnad. Med blått som hovudfarge ramma han inn vegg- og takbilete i store flikete kartusjar (Myking 1827 Norsk Folkemuseum). Dette skjedde 20–30 år etter at faren, Herbrand Sata, hadde lagt rokokkoen til side for godt, og om lag 50 år etter at stilen var gått av mote i norske byar. Også i B.s seinare arbeid kjem rokokkoelement til syne, men då i ei sterkt omdikta og nærast skjematisk form, ordna symmetrisk kring ein vertikal akse. Frå ca. 1835 får rosemålinga hans nokre innslag av Louis-seize og empire, helst som palmettborder kring veggbilete med figurar (til dømes Bakkestova (1855), Ål Bygdemuseum). Nokon nyskapande verknad fekk likevel ikkje nyklassisismen i hallingdalsk rosemåling. Hallingstilen (som mest like gjerne kunne kallast Sata-Bæra-stilen) var fullt utvikla kring 1830 og mottok seinare få impulsar utanfrå. Stilramma var fastlagt, men innanfor denne grodde fantasiblomane og "rosene" i uendelege varianter. B. var ein makelaus skriftkunstnar og penselvirtuos. Det kalligrafiske linespelet går att i rosene hans og. Skrivepenselen var ein viktig reiskap i heile hans dekorative kunst. I seinare år tok teknikken nesten overhand. Noko av nerven og spenninga vart borte.

I romutsmykkinga måla "Skule-Nils" ofte figurar, helst bibelske scener etter førebilete i bøker og grafiske trykk. Figurane er sikrare teikna enn hjå rosemålarar flest, men likevel sterkt prega av folkekunstens naivisme. Det er stor avstand mellom biletmålinga og den suverene meisterskapen han la for dagen i sjølve ornamentikken. B. var også ein ypperlig kolorist. Fargeskjemaet hans er for det meste tradisjonelt hallingdalsk, med klare, fulltonande kontrastfargar sett djervt og sikkert mot kvarandre. Men han makta også meir fornemme og sjeldsynte fargekomposisjonar. B. var det store førebiletet for samtidige og yngre målarar og kom difor i høg grad til å prege rosemålinga i Ål og Hol framover på 1800-talet.

Familierelasjoner

Sønn av

Gift med

  • 1815-1877 med Gunhild Knutsdotter Ulshagen (f. 1789)

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Norsk Folkemuseum
  • Ål Bygdemuseum

Litteratur

  • Moen, N.O., Dei gamle rosemålarane, Dølaminne, Kongsberg, 1925, nr. 3
  • Vistad, K., Nyere folkekunst, Norsk kunsthistorie, Oslo, 1927, bd. 2, s. 651
  • Aschehougs konversasjonsleksikon, Oslo, 1939, s. 652
  • Asker, R., En rosemalt hallingstue, Bygd og by, Oslo, 1943, nr. 1
  • Fonnum, H,, Svarteberg, K., Aal Bygdesoge, Oslo, 1952, bd. 1, s. 399
  • Asker, R., Rosemaling, Norsk folkekunst, Oslo, 1953
  • Asker, R., Rosemaling i Hallingdal, Den Norske Turistforenings årbok, Oslo, 1957, 1957
  • Asker, R., Rosemaling i Norge, Oslo, 1970, s. 11
  • Anker, P., Folkekunst i Norge, Oslo, 1975, s. 182
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 140