Faktaboks

Herbrand Embrikson Sata
Sata, Herbrand
Fødd
1753, Ål
Død
14. mai 1830, samme sted

S. var blant dei fremste i norsk rosemåling, både som kunstnar og nyskapar. Han bygsla plassen Bæra og dreiv som omgangsskulelærar i Ål. Tidlege arbeid av S. tyder på at han må ha vore i nær kontakt med laugskunsten, anten i ein by eller hjå ein omvandrande bymålar. I alle fall har han hatt nokre av mønsterplansjane som var i omlaup innan laugsvesenet. To skåpfelt med kineseri-motiv, blå landskap med tre og pagoder, er døme på dette (Drammens museum). Dei mange brurekistene viser best hans kunstnarlege og stilistiske utvikling: Frå sirleg rokokkodekor i 1780-åra med kartusjar og skjell kring midtmotivet, som anten er ein blomebundel, figurar og dyr eller kyrkjer og hus, som på ei kiste frå Øvre Ål, måla i 1786 (Kunstindustrimuseet i Oslo), fram mot ei symmetrisk ordning av mønstret kring ein vertikal akse på kistefronten og kring ein kross på loket, frå hundreårsskiftet og frametter, som på ei kiste med påskrift "O.E.S.N. 1799" (Kunstindustrimuseet i Oslo). Blomane er no meir skjematisk stiliserte av C- og S-liner utan lys og skugge-verknad og bretta ut i flaten, som på ei kiste med påskrift "O.D.S. Anno 1798" (Norsk Folkemuseum). Han henta og motiv frå eldre stilar som blome- og akantusbarokken, og i bruken av girlandere og draperi-festongar. Også rokokkoskjella vart framleis bruka, men oftast som symmetrisk stilte C-bogar med utspringande kronblad. Fargane kan variere i styrke, men blått, gult og kvitt på raud eller grøn botn utgjer hovudklangane, som på ei kiste datert 1827 (Norsk Folkemuseum). S. representerer såleis første steget i utviklinga av den såkalla Hallingdal-stilen, som sønene hans, Nils og Embrik Bæra, var dei fremste eksponentane for. Av S.' overmåte store produksjon finst og bevart nokre interiør, som på Veslegard i Leveld, Ål (ca. 1790), Holto-loftet på Ål bygdemuseum, stoga på Medhus i Hol (1794 eller 1796), på Finnesgarden i Gol (signert "H. Sata", 1796) og på Søre Ton, Nes i Hallingdal (etter 1810).

Familierelasjoner

Sønn av

  • Embrik Larsson Sataroen (1719 - 1759)
  • Birgit Herbrandsdotter Skrindo (f. 1727)

Gift med

  • 1786 med Anne Bæra (1755 - 1844)

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Norsk Folkemuseum
  • Kunstindustrimuseet i Oslo
  • Historisk Museum, Bergen
  • Drammens Museum
  • Hallingdal Folkemuseum, Nesbyen
  • Ål bygdemuseum

Utstillinger

Kollektivutstillinger

  • Oslo Kunstforening, 1949

Litteratur

  • FNFBs Aarsberetning, 1923, s. 143–44
  • N. O. Moen, Dei gamle rosemålarane, Dølaminne, Kongsberg, 1925, nr. 3
  • Norsk kunsthistorie, Oslo, 1927, bd. 2, s. 651
  • J. F. Michelet, i Morgenbladet, 05.02.1949
  • K. Visted, H. Stigum, Vår gamle bondekultur, Oslo, 1951, bd. 1, s. 303–04 (ill.)
  • H. Fonnum, K. Svarteberg, Aal bygdesoge, Oslo, 1952, bd. 1, s. 394
  • R. Asker, I R. Hauglid (Red.), Norsk folkekunst, Oslo, 1953, s. 64–65, 90–91 (ill.), i
  • Norsk Biografisk Leksikon, Oslo, 1954, bd. 12, s. 264–65
  • R. Asker, i Fra Drammens Museums skattkiste, Drammens Museum, 1955, hefte 2, s. 9 (ill.), utg.
  • R. Asker, Rosemaling i Hallingdal, Den Norske Turistforenings Årbok 1957, Oslo, 1957
  • Norsk allkunnebok, Oslo, 1959, bd. 9, spalte 913
  • Aschehougs konversasjonsleksikon, Oslo, 1971, bd. 16, spalte 901
  • Kunst og Kultur register 1910–67, Oslo, 1971, s. 243
  • P. Anker, Folkekunst i Norge, Oslo, 1975, s. 180–82
  • Buskerud. Bygd og by i Norge, Oslo, 1977, register
  • N. Ellingsgard, Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, register (ill.)
  • S. Dyrvik, K. Mykland (Red.), Norges historie, Oslo, 1978, bd. 8, s. 277 (ill.), i
  • P. Anker, i Norges kulturhistorie, Oslo, 1980, bd. 3, s. 278–80, 294 (ill.)
  • Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon, Oslo, 1980, bd. 10, s. 279
  • N. Ellingsgard, Norsk rosemåling, Oslo, 1981, register (ill.)
  • P. Anker, i Norges kunsthistorie, Oslo, 1982, bd. 3, s. 411–12 (ill.)

Arkivalia

  • R. Asker, Rosemalingen i Hallingdal, mest som den utviklet seg i Ål og Hol, Universitetet i Oslo, 1940, mag.avh.