Faktaboks

Ingebrigt Jakopsen Foss
Fødd
1843, Meldal
Død
1929, samme sted

F., som var tunghøyrd, var ein kjend jeger og fiskar. Han hadde inga anna opplæring enn den han fekk av faren, rosemålaren Jakob F. Han var med faren i arbeidet. Målinga til F. er svært ulik den faren laga. Det er noko rart og framandt over rosemålinga hans: halvt naturalistiske blomster tett pressa saman på flata han dekorerte. Kring desse flatane laga han svarte konturar. Det er tydeleg å sjå på målinga til F. at den tradisjonelle målinga i distriktet er i oppløysing.

I dekoren til F. på arbeida hans i nysølv og messing (knivar, beltereimer, brillehus, bundingsklavar o.l.) er det eit fint rytmisk spel i rankane som er prega inn med sikker hand. Den norske løva var eit merke han hadde med i arbeida sine. F. kunne òg skjera ut fantasidyr som drakar, ugler o.l. F. signerte ofte metall-arbeidet sitt med I.FOS.

Familierelasjoner

Sønn av

Litteratur

  • Grefstad, O., Håndverk, husflid og bygdekunst, Meldal Bygdebok, Orkanger, 1972, bd. 2, s. 412
  • Grudt, A. O., En gammel jæger, Dovre, Opdal og Orkladalen, 1924, s. 105–08