Faktaboks

Embrik H. Bæra
Fødd
1788, Ål
Død
7. april 1876, samme sted

B. var ein av dei fremste rosemålarane i Hallingdal på 1800-talet. Saman med broren Nils utvikla han den lokale hallingstilen som faren Herbrand Sata hadde lagt grunnen til. B.s første større arbeid er dekorasjonane i Villandstova frå Hol (Hallingdal Folkemuseum, Nesbyen), signert 1824. Arbeidsområdet strekte seg over heile dalen frå Krødsherad til øvst i Hol. Han hadde også oppdrag i Sogn. Den første kona hans, Barbo Skjervheim, var med og gjorde grunnarbeidet då han arbeidde vestanfjells. B. har late etter seg ein overmåte stor produksjon frå eit langt og strevsamt målarliv. Hans kunstnarlege utvikling kan fylgjast i små og store arbeid, frå prydting og innbu til heile stoveinteriør. Den mest interessante og eksperimenterande perioden er åra ca. 1825–1845. Når det gjeld teknisk meisterskap, var B. ikkje av same format som broren Nils, men han nådde like langt i motivvariasjon og fantasirikdom. Arbeidet til B. vitnar om ein annan og traustare karakter. Han var ein alvorsmann, stillfarande og arbeidsam og ein djupt religiøs natur, mykje nytta som "fyretalsmann" i gjestebod og gravøl. I biletmålinga rådde han over eit stort repertoar av religiøse motiv, fritt omdikta etter førebilete, utan sut for anatomi og proporsjonar. Desse naive figurframstillingane eig ofte eit sterkt uttrykk med einfelt, religiøs patos. Den sikre fargesansen han la for dagen før ca. 1850, synest å ha tapt seg noko i eldre år, mellom anna ved ein nesten overdriven bruk av gule fargetonar. Til ein viss grad fekk arbeidet hans preg av forfallet i folkekunsten på slutten av 1800-tallet.

Familierelasjoner

Sønn av

Gift med

  • 1853 med Guri Ylilien (f. 1817)
  • Barbo Skjervheim (1778 - 1850)

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Norsk Folkemuseum
  • Hallingdal Folkemuseum, Nesbyen
  • Drammens Museum
  • Bygdemusea i Hallingdal

Litteratur

  • Moen, N.O., Dei gamle rosemålarane, Dølaminne nr. 3, Kongsberg, 1925
  • Visted, K., Nyere folkekunst, Norsk kunsthistorie, Oslo, 1927, bd. 2, s. 651
  • Aschehougs konversasjonsleksikon, Oslo, 1939, s. 652
  • Norsk Allkunnebok, Oslo, 1948, s. 710
  • Svarteberg, K., Fonnum, H,, Ål Bygdesoge, Oslo, 1952, bd. 1, s. 399
  • Asker, R., Rosemaling, Norsk folkekunst, Oslo, 1953
  • Asker, R., Rosemaling i Hallingdal, Den Norske Turistforenings årbok, 1957
  • GSL, Oslo, 1960
  • Asker, R., Rosemaling i Norge, Oslo, 1970, s. 11
  • Anker, P., Folkekunst i Norge, Oslo, 1975, s. 182
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 160