Frå 1961 til -67 dreiv R. parallelt med grafikk og bildevev, og ho har alltid hatt ei open og eksperimenterande holdning til materiale og teknikkar. I Bergen kom R. straks med i krinsen med dei eksperimentelle kunstnarane i Gruppe 66. R. var også med i ei gruppe som laga "konkrete tekstilar", t.d. hattar av reknemaskindelar, pels, bøygde gaflar og knivar i plast. R. fekk i stand den breitt samansette utstillinga Samliv, som vekte stor debatt. Ho har og arbeidd med romanalysar og romeksperiment ved hjelp av tekstil, sammen med arkitekt Svein Hatløy og arkitektgruppa Gult Felt. Det mest kjende prosjekt er nok Galleri Vadmyra, der ei gruppe bildekunstnarar og arkitektar aktiviserte eit forstadsmiljø i Bergen under festspelperioden fleire år på rad og markerte både husfasadar og landskap med fargesterke tekstilar. I sin eigen kunst er det stofftrykk R. har konsentrert seg om dei siste 15 åra. Flagg og flaggparafrasar har vore eit gjennomgangstema, t.d. Variasjoner over det norske flagg (1974, Norsk Kulturråd) der "stars and stripes" fyller mange av dei raude felta. På utstillinga Tendenser i 1975 hadde R. ein serie flagg montert på stenger ut frå veggen som tradisjonelle små 17.-mai flagg. Flagg var klipte i, eller infiltrerte av andre land sine flagg. Med enkle grep viser ho kor truga verdiane sjølstende og nasjonal fellesskap er, m.a. av utanlandsk økonomi. Billedflagg, Statens fysioterapiskole, Bergen (1980-81) har flagg fylte av kvardagsting og barnekultur, symbolar for vokster og glede. Som lærar ved Bergen kunsthåndverkskole har R. bygd opp avdelinga for stofftrykk og vore med og utvikla tekstilutdanninga i Bergen.