Liv og virksomhet

Det finst ikkje noko sikkert arbeid av H. i heimbygda hans. Han må tidleg ha reist ut for å ta seg arbeid vestanfjells. Sikre kjelder fortel at han saman med broren Svein dekorerte Åkra kyrkje, Skånevik i Hordaland i 1787 (målinga her vart øydelagd ved ombygging i 1871). Det er ukjent kor han vanka dei næraste åra etter. Men frå tidsrommet 1795–1806 finst nokre arbeid (skåp og kister) i Viksdalen og Nordfjord som må vera av ein og same målar. Sume av desse er signerte. Mykje talar for at H. hadde utført prydmålinga i dei gamle Ørsta og Volda kyrkjer på Sunnmøre i 1797. Sikkert er det at Stordal gamle kyrkje som står fullt intakt, vart måla i 1799 av Andreas Reinholdt og "Vebjørn Halling" (Hamarsbøen). Interiørmålinga her, med store ranker, blomeurner, draperier og bibelske figurar, er gjennomført i barokk renessanse. Dei tidlegare nemnde arbeid i Nordfjord har meir innslag av rokokko, men i det store og heile er det mykje som minner om Kitil Rygg.

Familierelasjoner

Gift med

  • 1797 med Johanne Olsdotter Dokkset

Litteratur

  • Erdmann, D., Norsk dekorativ maling fra reformasjonen til romantikken, Oslo, 1940, s. 138
  • Kloster, R., Ekspansjon i bygdekunsten, Bergens Museum Årbok, 1941, Historisk Antikvarisk rekke nr. 3
  • Reinton, L., Reinton, S. S., Folk og Fortid i Hol VI, Oslo, 1977, s. 103
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 216