Faktaboks

Truge Olson Gunhildgard
Fødd
ca. 1699
Død
ca. 1770

G. er den eldste, namnkjende rosemålaren i Bygde-Norge. Det er ukjent kor han lærte yrket, men ein veit at han av og til var på reisefot i ungdommen, mellom anna til Kongsberg og Christiania. Truleg har han henta impulser både frå kyrkjeleg og profan laugsmåling. Seinrenessansens ranker, drueklaser og tulipanar går att i arbeida hans. Andlet og små figurar, amoriner, er ofte plassert inne mellom rankeverket. Vegg og takdekor er oftast måla i limfarger på gråkvit krittgrunn. Limstoffet laga han sjølv ved å koke kalvebein. Sikre kjelder fortel at han brukte "Skurdalskritt" (kiselgur) utrørt i sur mjølk som botnfarge, til dømes i Røotaket i Hol. Til større arbeid nytta han fargar frå naturen: rustraudt fann han i jernholdige myrdrag, og til blått skal han ha brukt blåleire. (Trugehola på Votndalsåsen i Ål). G. var også kjent med oljeteknikken og med fargar som var å få i handelen, til dømes indigoblått, sinober og blykvitt. Dei aller fleste av arbeida hans er gått tapt, men nokre finst att, og desse fortel oss mykje om stil og teknikk. Best bevart er Nyhusstugu, no på Frognerseteren, Oslo. Norsk Folkemuseum har eit hengeskåp og to kister (lokket innvendig). På Hol Museum står eit hjørneskåp med bibelske figurar. Den særmerkte takdekoren i Uppheimsloftet i Torpo (1737) synest òg å vera hans verk.

Litteratur

  • Norsk Kunsthistorie, 1927, bd. 2, s. 651
  • S.S. Reinton, L. Reinton, Folk og Fortid i Hol, 1938, bd. 1, s. 448
  • H. Fonnum, K. Svarteberg, Aal Bygdesoge, 1952, bd. 1, s. 384
  • R. Asker, Rosemaling, Norsk Folkekunst, 1953
  • R. Asker, Rosemaling i Norge, 1970, s. 11
  • P. Anker, Folkekunst i Norge, 1975, s. 37
  • N. Ellingsgard, Rosemåling i Hallingdal, 1978, s. 111