Faktaboks

Torstein Olson Sand
Fødd
26. mars 1808, Hol
Død
1887, samme sted

Som 20-åring gjekk S. i lære hjå Nils Bæra i Ål. Frå 1828 finst nokre arbeid som synest å vera utført av desse to i fellesskap, mellom anna interiøret på barndomsheimen Sand (Norsk Folkemuseum). I dei næraste åra framover er S. knytt til læremeisteren både i stil og koloritt. Den seinare meir personlege rosemålinga etter S. er prega av lett, rytmisk penselføring og eit livfullt uttrykk. Det utal av oppdrag han fekk, førte nok stundom til eit meir rutinemessig og einsarta handverk, særleg på dei mange brurekistene der dei same rankegreiner og blomeformer med svarte blad og krullar mellom går att, slik at komposisjonen stundom blir litt utflytande og oppdelt. Men dei reine og friske kontrast-fargane kling oftast godt og harmonisk. Dette vart nærast eit standardmønster for kistedekoren i Hol heilt fram til 1870-åra, og saman med Pål Grøt vart S. skuledannande for denne tradisjonen. S. dekorerte ei lang rekkje interiør i Ål, Hol og Numedal.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Ola Hansson Sand (f. 1772)
  • Barbro Olsdotter Dal (1810 - 1899)

Gift med

  • 1836 med Barbro Olsdotter Dal (1810 - 1899)

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Norsk Folkemuseum
  • Drammens Museum
  • Hallingdal Folkemuseum, Nesbyen
  • Hol bygdemuseum

Litteratur

  • T. G. Myhre, Hallingdalens historie, Drammen, 1928, bd. 1, s. 56
  • J. Meyer, Fortids kunst i Norges bygder, Numedal, Oslo, 1930, bd. 1, s. 57–58 (ill.)
  • S. S. Reinton, L. Reinton, Folk og fortid i Hol, Oslo, 1938, bd. 2, s. 618
  • R. Asker, Rosemalingen i Hol, Drammen og Opland Turistforenings årbok, Drammen, 1944
  • R. Asker, R. Hauglid (Red.), Norsk folkekunst, Oslo, 1953, s. 65, i
  • Norsk allkunnebok, Oslo, 1959, bd. 9, spalte 870
  • P. Anker, Folkekunst i Norge, Oslo, 1975, s. 182
  • N. Ellingsgard, Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, register s. 328 (ill.)
  • N. Ellingsgard, Norsk rosemåling, Oslo, 1981, register s. 263 (ill.)
  • P. Anker, i Norges kunsthistorie, Oslo, 1982, bd. 3, s. 415

Arkivalia

  • R. Asker, Rosemalingen i Hallingdal, mest som den utviklet seg i Ål og Hol, Universitetet i Oslo, 1940, mag.avh.