Dei første kjende arbeid etter S. frå ca. 1826–27, minner mykje om broren Elling Ellingplassen, som truleg var læremeisteren. Seinare viser arbeida hans eit personleg særpreg med ein karakteristisk stakkato rytme og bølgjete konturar som gjev rosene eit kjenslevart, nesten nervøst drag, oftast i friske, harmoniske kontrastfargar. Det einaste kjende interiøret etter S. er stoga på Nedrejordet i Hovet, Hol, med påskrifta "Malet af mig T.T.S. Aaret 1829", derimot finst ei rekkje kister, skåp og bollar måla i Hallingdal (særleg i Hol), i tida fram mot 1853.
rosemålar
Torkjell Tomasson Sausgardhaugen
Faktaboks
Torkjell Tomasson Sausgardhaugen
- Født
- 1801, Hol
Familierelasjoner
Sønn av
- Tomas Olson Sire
- Randi Larsdotter Grøvo
Gift med
- 1836 med Gro Halvorsdotter Kleppo (f. 1810)
Bosatt (pr 1982-1986)
- Emigrerte til USA
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- Norsk Folkemuseum
- Historisk Museum, Bergen
- De Heibergske Samlinger, Kaupanger
- Hallingdal Folkemuseum, Nesbyen
- The Norwegian American Museum, Decorah, Iowa, USA
Litteratur
- L. Og S. S. Reinton, Folk og fortid i Hol, Oslo, 1972, bd. 3, s. 145, 895
- L. Og S. S. Reinton, Folk og fortid i Hol, Oslo, 1973, bd. 4 s. 241
- N. Ellingsgard, Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, register (ill.)
- N. Ellingsgard, Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 134, 212