Faktaboks

Tore Kravik
Fødd
1748, Nore
Død
1810, samme sted

K. høyrde til ei slekt der mange handverkarar og tømmermenn hadde si rot. Det er uklart kor han gjekk i lære, men viktige impulsar må han ha fått frå det rike handverksmiljøet på Kongsberg. Sølvbyen var den gongen eit sentrum med samband til hovudstaden og utlandet. K.s allsidige talent fekk falde seg ut i ei tid då kunst og handverk var eitt. Han tømra hus, innreidde romma og pryda interiøret med treskurd og rosemåling. Som kolorist viser han sikker smak, teknisk kunnskap og hug til å eksperimentere, ikkje minst i lasurteknikkar og marmorering. Motivstoffet i ornamentikken er lånt frå blomsterbarokk, akantusbarokk og rokokko. Ofte er det sameint med sjølvsikker stilkjensle. Tore dreiv farsgarden Søre Kravik til 1788. Då tok han over det mindre bruket Kverndalen og fekk meir tid til kunsthandverk. Han arbeidde over heile dalføret, stundom i lag med ein yngre slektning, Nils H. Kravik (f. 1778). På Bergerud i Flesberg og Prestmoen i Rollag finst heile interiør av K. som er nokså godt bevart. Kan hende har K. dekorert kordøra og preikestolen i Uvdal stavkyrkje.

Familierelasjoner

Gift med

  • Kari Aslaksdatter Kverndalen
  • Brynhild Ellingsdatter

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Drammens museum
  • Norsk Folkemuseum
  • Lågendalsmuseet, Kongsberg

Litteratur

  • Meyer, J., Numedal 1, Fortidskunst i Norges bygder, Oslo, 1930, (ill.)
  • Norsk folkekunst, Oslo, 1953, s. 68
  • Kildal, K., Den dekorative maling i Numedal, Allers, Oslo, 1968, nr. 14, 15 og 16 (ill.)
  • Aschehougs og Gyldendals store norske leksikon, Oslo, 1980, bd. 7, s. 278
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 122 (ill.), 139