Faktaboks

Tørres Evensen Uv
Fødd
1779, Oppdal
Død
1809, Trondheim

Eventyret. Digitalt Museum

/Nasjonalmuseet.

Det er uvisst kven U. lærde rosemåling av. Lokalt har truleg brørne Halvor og Knut Horne verka inspirerande på han. U. utvikla seg likevel til å bli meir sjølvstendig enn dei, og kan reknas som den beste blant Oppdalsmålarane i figurteikning. Bruk av figurmotiv karakteriserar dei få arbeida etter han, som t.d. menn i uniform, ryttarar, allegoriske figurar og gudane Mars, Janus og Bacchus. Ei dør på Skorem i Oppdal viser to gutar med utførleg framstilt anatomi, saman med C-forma rokokko-ornament og fyldige roser i asymmetrisk leik stramma opp av eit søylemotiv. Figurar og blomar er modellert med lys og skugge i sterke, men vel avstemte fargar.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Marit Semmingsdotter (f. 1753)
  • Even Tørrisen Uv (f. 1751)

Gift med

  • 1805 med Anne Nilsdotter Storlien

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Representert i Oppdal bygdemuseum

Litteratur

  • Kunst og kunstnarar frå Oppdal, 1979, s. 23, 26, ill. 8 ved s. 64, i
  • Norsk rosemåling, 1981, s. 236