G. var berre 32 år gammal då han emigrerte til USA. Difor er det få arbeid att etter han, men dei som finst vitnar om evner langt ut over det vanlege i bygdekunsten. Han prøvde tydelegvis å gå sine eigne vegar, sjølv om ein merkar ein viss påverknad frå læremeisteren Torstein Sand. Det er i mindre format han viser sitt beste: Bollar og øltrøyser er kvar på sitt vis interessante arbeid med rik variasjon i mønster og koloritt. Fargeklangen er oftast frisk og munter med små innslag av bladgull. Elles har kvar ting sin eigen, individuelle karakter.
rosemaler
Syver Hallsteinson Grøt
Faktaboks
Syver Hallsteinson Grøt
- Født
- 5. oktober 1816, Hol i Hallingdal
- Død
- 1885, Clayton County, Iowa, USA
Familierelasjoner
Sønn av
- Halstein Assarson Tufte
- Ragna Kitilsdotter Grøt
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- Hol Museum
- Drammens Museum
- Norsk Folkemuseum
Litteratur
- Reinton, S.S., Reinton, L., Folk og Fortid i Hol, Oslo, 1973, bd. 4, s. 137-143
- Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 260