Faktaboks

Sjur Jamtsæter
Hjemsæther, Sivert
Fødd
1816, garden Jamtseter, Oppdal
Død
1873, samme sted

J. gjekk Klæbu seminar, men slutta snart som lærar pga. sjukdom. Han var sjølvlært som handverkar. Hans treskurd med sterkt plastiske bladrankar liknar på Gudbrandsdalsskurden. Saman med treskjæraren Ole Moene dekorerte han Lønset kyrkje, Oppdal, og er rekna som læremeisteren til denne. J. har måla og dekorert mykje av det treskjærar Sjurs-Ån (Arnt Sivertsen) på Oppdal har laga. J. meistra dei fleste teknikkar i målinga. Han bruka både sjablon og måla fritt. Særleg karakteristisk er bruken av figurmotiv og inskripsjonar. Motiva kunne variera frå englebarn til Oppdals-bønder. Han nytta særleg Rafael sine engler som forlegg.

Kopieringa og bruk av sjablonar er gjort på ein sjølvstendig og frisk måte som gjev dekorasjonane til J. ein særeigen dekorativ kraft.

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Trøndelag Folkemuseum

Litteratur

  • Rise, O. J., Oppdalsboka II, Oslo, 1952, s. 242
  • Dalgard, O. (Red.), Kunst og kunstnarar frå Oppdal, Oslo, 1979, s. 31–32 (ill.)