S. var den fremste og mest produktive målaren i Gol på 1800-talet. Han må ha lært rosemåling lenge før han vart vaksen, truleg av ein omreisande Valdres-målar. Målinga hans liknar ikkje den vanlege Hallingdal-stilen som vart utvikla i Ål og Hol, men ber preg av Telemarksrosa i Valdres-form. Særleg i yngre år brukte han som motiv ein tredelt plante med to utoverbøygde stenglar symmetrisk om ein loddrett i midten. Vanlegare var den asymmetriske C-rosa med små akantusblad veksande ut frå grunnstamma og ein kam av småblad saman med mindre, C-forma motslyng ut frå rota. Tredelte laukblomar på granne, elegante stenglar greiner seg opp- og utover som ytste delen av motivet, som på eit skåp på Haugo i Torpo. Etter 1860-åra fekk rosene eit stivare, meir skjematisk drag.
rosemaler
Sjugurd Olason Sørbøl
Faktaboks
Sjugurd Olason Sørbøl
- Født
- 3. mai 1827, Gol
- Død
- september 1898, sst.
Familierelasjoner
Sønn av
- Sigri Syversdotter
- Ola Larson Sørbøl
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- NF
- Drammens Museum
- Hallingdal folkemuseum, Nesbyen