U. lærte rosemåling hos sin eldre slektning Herbrand Sata, og tok opp hans kraftige blad- og blomeformer i symmetriske komposisjonar i fleire dekorasjonar på kister, bollar og skåp. Ei kiste datert 1830 (Drammens Museum) viser dette, men og at han eksperimenterte seg fram til utradisjonelle, abstrakte blomeornament der små, flikete blad går att. Fargebruken var typisk intens, dominert av gult og raudt, og ikkje alltid like vellukka. U. dreiv og med treskurd i sin aktive periode som bygdekunstnar i 1830-åra, både i Hallingdal og på Vestlandet. I 1840 kjøpte han garden U. i Torpo, og trappa ned si kunstnarlege verksemd.