Faktaboks

Sebjørn Halvorsen Kverndalen
Kverndalen, Sebjørn Halvorsen Gutterud
Fødd
1786, Nore
Død
1875, samme sted

K. har truleg fått viktige impulsar frå morbroren, den kjente bygdekunstnaren Tore Kravik og andre i slekta. Men han gjekk også i lære hjå ein målarmeister på Kongsberg. Her kom han i nær kontakt med nyklassisismens stilideal. K. har tillempa dette nye med gammal bygdetradisjon i rominnreiding og dekor. Blomsterguirlander, urner, draperier og medaljongar opptrer saman med ranker, rokokkoformer og kineserier. Hovudmotivet på klokkedører og skåpfyllingar er gjerne eit landskap med galante offiserar og standspersonar. Påfuglen var også eit kjært motiv. På kister og ølbollar brukte han oftast ei omdikta rokokkomåling som minner både om Kjetil Haukjem og om samtidige telemarksmålarar. K. har mellom anna dekorert inventar på Kverndalen. Her kan ein og sjå døme på korleis han nytta trykte forlegg for målinga. Ei samling verkty etter K. er og bevart på garden.

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Norsk Folkemuseum
  • Drammens museum
  • Lågdalmuseet, Kongsberg

Litteratur

  • Meyer, J., Numedal, Fortidskunst i Norges bygder, Oslo, 1930, s. 21 (ill.)
  • Norsk folkekunst, Oslo, 1953, s. 68, 89, 98 (ill.)
  • Kildal, K., i Allers, 1968, nr. 14, 15, 16, (ill.)
  • Ellingsgaard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 235
  • Aschehougs og Gyldendals store norske leksikon, Oslo, 1980, bd. 7, s. 388
  • Ellingsgaard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 123 (ill.), 140