T. var i nokre år verksam i målarmiljøet i Trondheim, og måla i Vår Frue kyrkje (1713, overmåla i 1730-åra). Eit altarbilete utført til Fosna kyrkje (1724, flytta til Kirkelandets kyrkje, Kristiansund 1884, brent 1940), viste hyrdane si tilbeding av Jesusbarnet. Ein kopi i Frei kyrkje viser at T. beherska både perspektiv, anatomi og skuggelegging. Dei sterke skuggekontrastane og forkortingane viser at den sein-barokke stilen enno var rådande i det lokale målarmiljøet. Komposisjonen henta T. truleg frå eit koparstikk. To presteportrett i Kirkelandets kyrkje (tapt i brann 1940) av Amund Barhow og Eiler Hagerup viste den sterke bruken av kontrastar mellom lys og skugge for å oppnå plastisitet. T. hadde også folk buande hjå seg i målarlære, mellom anna Jacob Schaft og Peter Wessel i 1748.
maler
Rasmus Jacobsen Teilgaard
Faktaboks
Rasmus Jacobsen Teilgaard
Tegelgaard, Rasmus Jacobsen
- Født
- 1685, Trondheim omlag
- Død
- 1754, Stangvik, Surnadal
Familierelasjoner
Sønn av
- Ingeborg Hansdatter Røst
- Jacob Rasmussen Teilgaard, premierløytnant
Gift med
- 1716 med Ellen Henriksdatter Rytter (f. 1693)
Utdannelse
- Elev av Poul Melhorn og Jens Rasmussen Sandberg
- I målarlære i København 1707-11
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- Arbeid attribuert T.: Altertavle, Halsa kyrkje (1732)
- Preikestol, Stangvik kyrkje (1732)
- Portrett attribuert T.: Prestane Otte Friis (omlag 1706-10), Thomas von Westen (omlag 1710-15), Niels Engelhart (omlag 1715-19), Veøy kyrkje
- Sokneprest Jens Thommesen Juell, Tingvoll kyrkje
- Prest Brønlund, Brønnøy kyrkje: Christopher Wessel, Roan kyrkje
- Lene Sanger, Halsa kyrkje
- Eit verdsleg par, Bø kyrkje (1717)
- Fru sokneprest Barhow (1711), Eiler Hagerup, De Heibergske Samlinger, Kaupanger
Litteratur
- Bondestrid, 1906, s. 31-32
- Malerkunsten i Norge i det attende aarhundre, 1920, s. 12-14 (ill.), 18
- i Årsskrift for Nordmøre historielag, 1921, s. 33-58 (ill.)
- i Årsskrift for Nordmøre historielag, 1922, s. 3-47 (ill.)
- Norsk billedkunst gjennem tusen år, 1925, s. 18
- Norsk kunsthistorie, 1927, bd. 2, s. 136-39 (ill.)
- Norsk malerkunst under renessanse og barokk, 1928, s. 305
- Kunst og Kultur, 1935, s. 237
- Das Bildnis in Norwegen, 1937, s. 40
- Allgemeines Lexikon der bildenden Kü,nstler, 1938, bd. 32, s. 506-07
- Norsk dekorativ maling fra reformasjonen til romantikken, 1940, s. 201
- Kristiansunds historie, 1942, bd. 1, s. 178, 180, 186-87, 191-93 (ill.)
- i Årsskrift for Nordmøre historielag, 1952, s. 372
- Forening til norske Fortidsminnesmerkers Bevarings Årbok, 1963, s. 379, register bd
- Dictionnaire critique et documentaire des Peintres, Sculpteurs, Dessinateurs et Graveures, 1976, bd. 10, s. 103
- Norges kunsthistorie, 1977, s. 81
- Heimar og ætter i Stangvik, 1981, bd. 1, s. 438-39
- Norsk rosemåling, 1981, s. 230
Arkivalia
- J. H. Brodahl sine notat., Statsarkivet, Trondheim