På den første separatutstillinga hans i Bergens Kunstforening i 1951 dominerte motiv frå Paris: gateliv og Seinen i strengt stilisert form, utpensla strøk og heller mørke fargar, men R. viste også ein del abstrakte komposisjonar over norske bumerke- og tønneformer. Rundt 30 maleri frå åra i Frankrike gjekk tapt i ein brann på Bryggen i Bergen der R. hadde atelier i 1950-åra.
Gjennomarbeidd bildeoppbygging har alltid prega R. sin kunst. Samstundes har han vore formalt søkjande og variert frå det figurative til det nonfigurative. Etter eit besøk i Lofoten i byrjinga av 60-talet har motivkretsen lege fast: stein og fjell- og landskapsformasjonar. Møtet med flyttsteinar på Hardangervidda har ytterlegare forsterka interessa for denne motivkretsen. Slike kjempesteinar på vandring er eit gjennomgangsmotiv i meir eller mindre abstrahert form. Som regel er skilnadene mellom steinassosierande former og bilderom verknadsfylt kontrasterte i strøk og fargesetting slik at synlege penselstrøk og eit rikt fargespel gir steinformene struktur medan rommet rundt er meir eller mindre einsfarga. Elles skiftar gjerne R. mellom nærstudiar av stein og store landskapsutsyn, gjerne i fugleperspektiv. Fragment av stein, knytta til landskapsopplevingar eller som lausrivne partiklar i rommet, dominerte utstillinga i Kunstnernes Hus i Oslo i 1976. Ei sterkare idemessig erkjenning av forma si mangetydige og skiftande karakter og rørsler i eit uendeleg rom prega utstillinga i Bergens Kunstforening fem år seinare. Koloristisk har R. gått stadig lenger i retning av sterkare og reinare fargar. I 1960- og 70-åra utførte han ei rekkje romutsmykkingar. Utgangspunktet var studiane i Italia, utstillinga i Unge Kunstneres Samfunn i Oslo i 1959, der han viste stiliserte figurar og abstrakte komposisjonar i mosaikk, og seinare fleire premierte konkurranseutkast av nonfigurativ karakter. Hovudverket er utsmykkinga i dalleglas av koret i Landås kirke i Bergen (1966). Her nyttar R. ein spesiell komposisjonell teknikk idet han bryt dei høge vertikale vindaugsstripene med to horisontale motivband. R. har arbeidd i alle grafiske teknikkar, men i 70- og 80-åra har han for det meste konsentrert seg om serigrafi der han nyttar klåre, gjennomskinlege fargar og ei spontan, livleg penselføring.
R. har vore sterkt engasjert i kunstformidling. I den lange intendanttida hans i Bergens Kunstforening etablerte han institusjonen som ein av dei viktigaste utstillingsstadene i landet, ikkje minst gjennom dei årlege Festspelutstillingane. Som Vestlandsutstillinga sin faste sekretær i 25 år utvida han utstillinga sitt nedslagsfelt og styrka den vestvendte orienteringa ved å ta initiativ til visningar i Skottland, Orknøyane, Færøyane og Island.