S. var utlært skreddar, men det er som treskjærar han er kjent, sjølv om naboen Jon Sognli urettvist har fått æra for noko av det S. har gjort, t.d. skåp på Bårdshaug i Orkdal. S. var ein god teiknar og varierte stendig mønsteret i skjæringa frå skåp til skåp. Men motivet var heile tida eit sirleg bladverk som fyller flatene i fyllingane på skåpane. Bladverket er mykje tettare og noko meir plastisk enn skjæringa i Meldal og den eldre skjæringa i Orkdal. Bladmønstra er ordna symmetrisk omkring ei midtlinje på skåpdørene, utan at denne midtlinja er så sterkt poengtert. Det var særleg minister Chr. Thams som gjorde Orkdals-skjæringa kjent. Han hadde med treskjærararbeid frå Orkdalen på verdensutstillingane i Chicago 1893 og Paris 1899. S. var truleg med der. Hovudverket til s. var innreidinga i matsalen på Bårdshaug for minister Chr. Thams (no hotellet Bårdshaug herregård). Den store buffetliknande skåen med to Orkdals-skåpar kringom eit innebygd speil er ein originalitet i møbelarbeidet i dalføret.
treskjærer
Peder Olsen Sognli
Faktaboks
Peder Olsen Sognli
Peder Olsen til 1852
- Fødd
- 1844, garden Håkollåsen, Geitestranda
- Død
- 1915, Orkdal
Familierelasjoner
Sønn av
- Marit Larsdatter Mellingseter
- Ola Håkollåsen
Gift med
- 1852 med Johanna Pedersdatter Sognli
Bosatt (pr 1982-1986)
- I 1907 selde han Sognlia og tok over garden Skjenald i Orkdal etter broren Lars
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- Innreiding, hotellet Bårdshaug herregård, Orkanger