S. kom med nye impulsar til målinga på Nordmøre frå det rike folkekunstmiljøet i Lesja, og var verksam både i Romsdalen og i Orkladalføret. På Ålmo i Foldfjorden har S. signert ei dør. Ei kraftig bladranke på blåkvit botn fyller dørspegelen. Karakteristisk er ranker med flikete bladverk som vekslar med liljer, tulipanar og store, utbretta rosettar. På kistene er botnfargen oftast mørk, nærast blåsvart. Dekoren har klare fargar og plastisk verknad av svarte skuggar og kvitt høglys.