Faktaboks

Peder Asbjørnsen Tufto
Fødd
1795, Ustedalen, Hol
Død
1863, samme sted

T. overtok og dreiv farsgarden Tufto i Ustedalen frå 1824, men hadde då i fleire år også drive som rosemålar, og gått i lære hos ein ukjend meister. Stilen til T. er særmerkt og ulik dei fleste andre hallingmålarar. Eit karakteristisk motiv er ein halvsymmetrisk, stilisert plante med vertikal stengel, tre store, nærmast elliptiske blomar og spisse lauv, brukt bl.a. i interiøret i stoga på Lilleslett, Hovet (1816). Fem vintre tidleg i 1820-åra var T. på Vestlandet, særleg i Hardanger, og måla. Der vart han påverka av arbeid etter Telemarksmålarar som Knut og Thomas Luraas og Bjørn Bjaalid, og tok opp asymmetriske og smøygde C-formar, som i interiøret på Hamarsbøen i Kvisla (1827).

Familierelasjoner

Sønn av

  • Asbjørn Assorson Tufto
  • Ambjørg Holgesdotter

Gift med

  • Sunnev Olsdotter Bakkegard

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Representert i Historisk Museum, Bergen
  • Dagali Museum
  • Nasjonalmuseum, Reykjavik

Litteratur

  • Rosemåling i Hallingdal, 1978, s. 110, 229–35 (ill.)
  • Norsk rosemåling, 1981, s. 134–35 (ill.), 197, 204