G. står sentralt mellom Hols mange rosemålarar på 1800-talet. Mykje tyder på at han lærte yrket av Nils Bæra i Ål. Elles er det ein påfallande slektskap med den fem år eldre sambygdingen Torstein Sand både i motiv, teknikk og detaljar. Desse to, som truleg har påverka kvarandre gjensidig, fekk mykje å seia for samtidige og yngre målarar i Hol. "Sand-Grøt-skulen" var ei sidegrein av "Sata-Bæra-skulen". På bollar og mindre ting kan G. vise stor fantasirikdom i komposisjonen, men kisterosene har oftast små variasjonar kring eitt og same grunntema. Midtmotivet er gjerne dyrefigurar eller hus, plasserte på gråkvit botn inne i ein oval av vridde band. Både i stil og farge er det liten skilnad mellom tidlege og seine arbeid. Noko ujamn kunne han vera, men på sitt beste representerte G. noko av det finaste i Hallingdals fargekunst. Koloritten er stundom prega av kresent måtehald, andre gonger av djerve kontrastar, til dømes lysande raudt, gult og gråblått mot djup grøn eller blåsvart botn.
rosemaler
Pål Olson Grøt
Faktaboks
Pål Olson Grøt
- Født
- 1812, Hol
- Død
- 1906
Familierelasjoner
Sønn av
- Ola Eirikson
- Gro Knutsdotter
Gift med
- 1860 med Marita Iversdotter Kleppo
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- Hol Museum
- Hallingdal Folkemuseum, Nesbyen
- Drammens Museum
- Norsk Folkemuseum
Litteratur
- Reinton, S.S., Reinton, L., Folk og Fortid i Hol, Oslo, 1943, bd. 2, s. 616
- Reinton, L., Reinton, S.S., Folk og Fortid i Hol, Oslo, 1972, bd. 3, s. 817
- Reinton, S.S., Reinton, L., Folk og Fortid i Hol, Oslo, 1973, s. 139
- Asker, R., Rosemalingen i Hol, Drammen og Opland Turistforenings Årbok, Drammen, 1944, s. 37–48
- Asker, R., Rosemaling, Norsk Folkekunst, Oslo, 1953, s. 61–104
- Norsk Allkunnebok, Oslo, 1959, s. 571
- GSL, Oslo, 1960
- Asker, R., Rosemaling i Norge, Oslo, 1970
- Anker, P., Folkekunst i Norge, Oslo, 1975, s. 9, 182
- Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 257