Faktaboks

Ole Olsen Heimvegsåsen
Fødd
1766, Berg sokn i Jämtland, Sverige

16 år gamal kom H. saman med foreldra til Snåsa der dei rydde husmannsplassen Heimvegsåsen. I 1802 er han nemnt som målar og snikkar i folketellinga. I 1821 la dei ned plassen og flytta til Bindalen i Nordland. Etter dette er det vanskeleg å få reide på H., men ein trur han har reist omkring som målar. Sjølv om H. var berre 16 år da han reiste frå Sverige, kan ein merka påverking derfrå i målinga hans. Nokon læremeister kan ein ikkje peika ut, men det er truleg at han kom i kontakt med svenske målarar som fór omkring i Trøndelag.

Det er rokokkoen som pregar målinga til H. Frå C-forma stalkar og overflødighetshorn veks blomsterdekorasjonane ut over skåp og kister. Bladverket står som svarte slagskuggar og verkar å vera slengt på leikande lett i nærast kaligrafisk verkning mellom roser, frukter og småblomster i sterke, klåre fargar. Bakgrunnen for blomsterdekorasjonane er oftast blå på kistene, og sterkt grøne på skåp og dører, slik at det svarte lauvverket får grønt liv frå bakgrunnen. Listverket kan vera sinoberraudt, og ramtre og grunnfarge i raudbrunt med ein karakteristisk stråleliknande flamming. No og da målar han staselege par i byborgarens motedrakt mellom underlege mørke tre. Kjennemerket til H. er særleg dei små blomstrane han strør ut over bladverket etter at målinga er ferdig. Han må ha laga seg stemplar som han har dyppa i målinga for å få til desse blomstrane, så presist er dei gjort. Desse trykte strøblomstrane i raudt, blått eller kvitt lyser med dei fine kronblada som små stjerner ut av dekorasjonane. Altertavla og preikestolen i Kvam kyrkje, Nord-Trøndelag som han måla i 1820, er desverre øydelagt.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Olle Olson Berggren, soldat

Gift med

  • 1791 med Anna Eriksdotter

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Snåsa bygdemuseum
  • Trøndelag Folkemuseum

Litteratur

  • Skavlan, G., Snåsaboka, Steinkjer, 1962, bd. 4 s. 254–55
  • Alsvik, E., Rosemalingen har lange tradisjoner i Trøndelag. Nord-trønderen og Namdalen bl., 22.11.1980, (ill.)
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 242–45 (ill.)