B. lærde seg målarkunsten i ung alder, truleg av Per Anderson Århus i Steinsdalen. B. hadde si eige stove i Vikegarden, "Målarestovo", og etter tradisjonen skal han i si tid ha vore den likaste til dette handverket. Han gjekk vanlegvis under namnet "Målaren". Som dei andre av skautaskrinmålarane i Kvam måla B. for det meste bruksting: kister, skrin, ølskantar og ambrar. Vi kjenner ikkje til at han prøvde seg på større oppgåver. Det kan vera vanskelig å skilja frå kvarandre dei ulike målarane som måla i den karakteristiske skautaskrinstilen, men det er truleg at B. i sine seinare år la om til ein meir telemarksprega stil, etter at telemarkingane byrja å gjere seg gjeldane i Hardanger i 1820-åra.
gårdbruker og
rosemålar
Olav Sjurson Børve
Faktaboks
Olav Sjurson Børve
- Fødd
- 1792
- Død
- 1848
Bosatt (pr 1982-1986)
- Øystese Kvam i Hardanger