Det er uvisst kor R. lærte rosemåling, men stilmessig bygde han på tradisjonen etter Embrik H. og Nils H. Bæra frå Ål, som i Hol vart ført vidare av mellom andre Torstein O. Sand og Pål O. Grøt. Seinare kom Numedalsblomar og teleroser inn i målinga hans. Frå midten av 1800-åra kom den gulbrune eike-imitasjonen meir og meir på mote, og R. nytta han stundom som skåpfarge kring dei rosemåla fyllingane. Det finst mange arbeid etter R. både i Hol og i Sogn (særleg i Aurland). Han måla fleire stoveinteriør der dekoren som oftast er avgrensa til dører og skåp, blant dei beste er vegg- og takdekoren på Halvorgard i Hol, frå 1852.
rosemålar
Ola Olson Rishovd
Faktaboks
Ola Olson Rishovd
- Født
- 20. august 1826, Rishovd i Hol
Familierelasjoner
Sønn av
- Kari Andresdotter
- Ola Nilsson Rishovd
Gift med
- 1859 med Ågot Olsdotter Hytteplassen (f. 1824)
Bosatt (pr 1982-1986)
- Emigrerte til USA
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- Norsk Folkemuseum
- Historisk Museum, Bergen
- Drammens Museum
- Hol bygdemuseum
Litteratur
- Reinton, S. S., Reinton, L., Folk og fortid i Hol, Oslo, 1943, bd. 2, s. 622
- Reinton, S. S., Reinton, L., Folk og fortid i Hol, Oslo, 1975, bd. 5 s. 607
- Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 269–71 (ill.)
- Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 212