Liv og virksomhet

Ø. var den fremste rosemålaren i grensebygdene mellom Hallingdal og Numedal på 1800-talet. Stilen hans syner påverknad frå begge dalføra og frå Telemark. Den strengt symmetriske hallingrosa han dyrka i yngre år, veik etter kvart plassen for ei friare utforma telerose. Dei sterkt stiliserte blomane, typiske for rosemålinga i Numedal, held han likevel fast ved. Karakteristisk for Ø. er bruk av kraftig, men variert kontur, skraverte blomeformer og svarte, taggete blad som minner om aks. Forutan kister og mindre ting dekorerte han mange stoveinteriør. Best kjend er Mo-stoga (1834, Dagali museum). Ø. levde i små kår og sleit med dårleg helse. Etter 1850 arbeidde han dessutan mindre som målar, og emigrerte som enkemann til USA i 1867.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Ola Olson Megarden
  • barbo Gunbjørnsdotter Hvamen

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Representert i Norsk Folkemuseum
  • Dagali museum

Litteratur

  • Meyer, J., Fortids kunst i Norges bygder. Numedal, Oslo, 1930, bd. 1, s. 48, 50–51 (ill.), pl. XIV
  • Asker, R., Rosemalingen i Hol, Drammens og Oplands turistforenings årbok, Drammen, 1944
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, register s. 330 (ill.)
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 134–35 (ill.), 142