Faktaboks

Ola O. d.y. Bjella
Fødd
18. november 1821, garden Nordre Bjella i Ål
Død
1863

B.s tidlegaste arbeid skriv seg frå om lag 1840. Storparten av produksjonen høyrer heime i 50-åra og fram til dødsåret 1863. To av brørne til målaren var dugande handverkarar: Embrik var snikkar og Asle smed. Mange brurekister og sjeldsynte skåp vart til ved samarbeid mellom dei tre Bjellabrørne.

Stilen til B. er traust og storfelt med imponerande presisjon i lineteikninga. Bortsett frå små innslag i blått-kvitt og gult-grønt er fargane aldri måla vått i vått. Han let rosefargen tørke før han drog dei kraftige konturane og dei fine parallelle linene innanfor. Nerver, kryss-skravering og "prikkeblomar" fyller ut det strengt symmetriske rosefeltet. I motiv og komposisjon byggjer han på Nils Bæra og endå meir på læremeisteren Ola Feten. Men han kopierar dei aldri, og heller ikkje seg sjølv. Med rik fantasi skaper han stadig nye variasjonar i hovudmønsteret, sjølv om dei same detaljane ofte går att. Den store midtrosa gror gjerne opp frå ei urne. Denne er så sterkt stilisert at ho verkar som ein del av sjølve plantemotivet. Rosemålinga til B. fekk etter kvart eit noko glatt og mekanisk preg, utan den maleriske og friske spontanitet som hjå eldre kunstnarar. Også i fargane merkar ein godt det gryande forfallet i bygdekunsten, med heller harde kontrastar der skarpt gult dominerar i komposisjonen. B. held seg berre til det reint ornamentale. Figurar og biletmotiv finst mest ikkje i produksjonen hans. Heller ikkje vegg- og takdekorasjonar. Dette var stort sett gått av mote i hans tid.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Ola Olsen (1787 - 1869)
  • Mari Olsdotter (1795 - 1867)

Litteratur

  • Norsk Folkemuseums årsberetning, Oslo, 1909, s. 18
  • Norsk Folkemuseums årsberetning, Oslo, 1911, s. 15
  • Moen, N.O., Dei gamle rosemålarane, Dølaminne, Kongsberg, 1925, nr. 3
  • Fonnum, H., Svarteberg, K., Aal Bygdesoge, Oslo, 1952, I, s. 408
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 196