Faktaboks

Ola Midthaug
Midthaug-karane

Hallvard M. skal ha vert den fremste kunstnaren, Hallvard d.y. dreiv berre med måling. M.-karane hadde truleg eit arbeidsfellesskap. Signaturar finst vist ikkje, og det er vanskeleg å skilja det dei har gjort. Både treskjæring og måling ber preg av rokokkoen. Dei gjennombrotne rankane er ofte kutta opp i C-liknande former med bladverk og skjell-kammar. Målinga tek og ofte utgangspunkt i C-formar og overflødighetshorn, med bruk av nokså sterke fargar. Særleg typisk er dei symmetriske blomsterarrangementa i nærast sinober-raudt med blågrøne blad på kvit botn. I Detlistuggu på Trøndelag folkemuseum er det bevart eit rom dei har målt og innredd med møblar til ein harmonisk einskap. Det storslegne inngangspartiet på Gravaune på Oppdal (1814) er eksempel på treskurden deira. Kråskåpen på oppigard Vinndal, Lønset (avbilda i Kunst og kunstnarar frå Oppdal) er heller måla av M. og ikkje av Knut Horne. M. har hatt mykje å seia for utviklinga av folkekunsten på Oppdal. Dei braut opp den samanhengande barokk-ranken og bana vegen for rokokkoen i treskurden.

Familierelasjoner

Far til

  • d.y. Hallvard

Bosatt (pr 1982-1986)

  • plassen Midthaugen Oppdal

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Oppdal bygdemuseum
  • Trøndelag folkemuseum

Litteratur

  • Meyer, J., Fortids kunst i Norges bygder, Oslo, 1938, bd. 5, s. 30
  • Hauglid, R., Akantus, Oslo, 1950, bd. 3, s. 306
  • Rise, O. J., Oppdalsboka, Oslo, 1951, bd. 2, s. 240
  • Magerøy, E. M., Norsk treskurd, Oslo, 1973, s. 161–62 (ill.)
  • Dalgard, O. (Red.), Kunst og kunstnarar frå Oppdal, Oslo, 1979, s. 26–27 (ill.)
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 219 (ill.), 236