Faktaboks

Ola Løkensgardslåtta Feten
Løkensgardslåtta, Ola Feten
Fødd
8. februar 1808, Leveld
Død
1884

Av alle elevane til Nils Bæra må F. ha vore ein av dei mest lærenemme. Men han hadde fantasi nok til å gå nye vegar og bygge ut mønsteret på sitt vis. I den første perioden (ca. 1830–35) er målinga enklare og meir robust. Seinare la han større vekt på utsiringer og detaljar. Innanfor dei skarpe, kraftige konturane som han drog opp med lang, spiss skrivepensel på turr rosegrunn, kjem nye finare liner, stykkevis som dobbeltkontur, eller som nerver og mindre akantusblad. Deler av rosa er fylte med rutenett eller runde skjellformer, utbroderte med store og små prikkar i strengt systematisk orden. Detaljerikdomen og den tekniske presisjonen tek stundom overhand, serleg etter 1850.

F. dyrka også kalligrafien med stor virtuositet. Eit av hans beste arbeid er Havardsgardstova i Vats (1847), dekorert med roser, "kineseri" og vakre skriftfelt innramma i frodige kartusjar. Dei siste arbeida hans har preg av forfallstida, ikkje minst i fargebruken. Av elevane til F. er Ola O. Bjella den mest kjende.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Ragna Syversdotter
  • Knut Olson

Gift med

  • 1840 med Gunvor Sevatsdotter Hjallo

Litteratur

  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 177