Faktaboks

Ola Knutson Larsgard
Fødd
1774
Død
1827

L. var bonde i nedre Larsgard, Hovet frå 1805, og var ein fargerik personlegdom. Han hadde litterære interesser, dikta viser og skreiv eit hefte om samtidige hendingar. Som rosemålar står han i ein posisjon for seg sjølv med sin særmerkte og sterkt personlege stil, både underleg framand og rotekte hallingdalsk på same tid. Hans tidlege arbeid (ca. 1794–1800) har preg av kineserier og minner litt om Kristen Aanstad i Ål. Det er først etter 1810 og særleg kring 1820 han finn sin eige stil, og frå da var han den sjarmerande einstøingen i rosemålarkunsten. Nokon teknisk meister vart han ikkje. Kistene har som regel eit blå-svart smalt felt nedst på framsida. Frå røter nede i "svarte jorda" veks underlege ranker og rokokkoformer som greiner seg utover mot lysande rustraud botn. På runde, kvite felt, halvt fylte med blått, plasserer han signatur O.K.S.L., eigarens initialer og årstal. Kisteloket har enkle, grove ranke- og blomeformer og endestykka er fylte med frie dekorasjonar. Av stoveinteriør kjenner vi berre eitt, Bråset, som berre delvis er teke vare på.

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Hol museum
  • Hallingdal museum, Nesbyen
  • Drammens museum
  • Norsk Folkemuseum

Litteratur

  • Asker,R., Rosemalingen i Hol, Drammen og Opland Turistforenings årbok 1944
  • Reinton, S. S., Reinton, L., Folk og fortid i Hol, Oslo, 1943, bd. 2, s. 609
  • Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 225