G. hadde truleg lært rosemåling av stykfaren Torkjell G. Dei tette og frodige rosene til "Målar-Olen", som han vart kalla i Sogn, veks symmetrisk ut frå eit midtpunkt eller ei urne. På hallingvis er fargane sette mot kvarandre med djerv effekt, utan nemnande nyansar og undertonar. Også i konturane nytta han kontrastfargar meir enn dei fleste, særlig på svart botn som på denne tida nærast var gått av mote heime i Hallingdal. I Luster og grannebygdene finst ein del arbeid etter G.
rosemålar
Ola Gåsterud
Faktaboks
Ola Gåsterud
- Født
- 1822, Torpo i Ål
Bosatt (pr 1982-1986)
- Flytte til Luster
- emigrerte til USA, med kone og tre born
Litteratur
- Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 202