Faktaboks

Ola Eirikson Tveitejorde
Fødd
17. september 1817, Hol
Død
10. juni 1876, Ål

T. er òg kjend under namnet "Klemmetsguten", som skriv seg frå garden Klemmetsdal i Lier der foreldra budde nokre år før dei flytte tilbake til Hallingdal i 1812. I yngre år arbeidde T. mest i Vossebygdene, seinare som husmann og rosemålar i Hallingdal. Stilistisk viser arbeida hans såleis drag både frå tradisjonen etter Herbrand Sata og sønene Embrik og Nils Bæra i Ål i bruken av symmetrisk oppbygde ornament, og etter Knut og Thomas Luraas frå Tinn i utforminga av roser og blomar med sirlege detaljar, som på ei kiste merka "S.A.d.R 1847" (Voss folkemuseum). Endeleg finst nyklassisistiske drag frå dekorasjonsmålinga i byane i bruken av laurbærkransar, medaljongar og guirlandarar i hangande bogar. Karakteristisk er òg at kontrastfargane ofte er brotne i fleire nyanser og undertonar, særleg i seinare år. Saman med dei lette, elegante blomane med sirlege, nærmast kalligrafisk utførde stenglar og skraveringar, gjev dette arbeida hans eit personleg drag der sirkelen og ellipsen er dei typiske grunnformene, t.d. på eit skatoll måla på Leveld i Ål 1867 (privat eie).

Familierelasjoner

Sønn av

  • Birkit Ivarsdotter Åkersletta (f. 1780)
  • Eirik Nilson Holto (1788 - 1868)

Gift med

  • 1840 med Briga Johannesdotter (1821 - 1880)

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Representert i Historisk Museum, Bergen
  • Voss folkemuseum
  • Vesterheim Museum, Decorah, Iowa

Litteratur

  • i Dølaminne, 1925, nr. 2
  • Rosemåling i Hallingdal, 1978, s. 30, 189, 191–96 (ill.)
  • Norsk rosemåling, 1981, s. 130–32 (ill.)