T. har ein særeigen teiknestil som kan minna om barne- og serieteikningar. Med enkle strekfigurar og velkjende symbol skapar han bildeforteljingar fulle av humor og samfunnskritikk. Fenomen i tida blir gjerne kommenterte i form av ei klår oppstilling av motsetningar: Natur mot teknologi, mann mot kvinne, gamalt mot nytt, bykultur mot bygdetradisjonar. Vestlendingen får ofte gjennomgå i bilde som ironiserer over pietisme og avholdssak (V for Vestlending). Det er blitt hevda at T. karikerer samtida, men sjølv har han sagt at han berre kopierer den! T. sameinar banale, stundom mest vulgære, uttrykk og politiske ytringar med poesi og varme. Einskildord og små skriftlege kommentarar finst ofte i bilda og titlane er gjerne mangetydige. Sans for ord har han vist heile tida. Bidraget hans til boka som Gruppe 66 laga til utstillinga si i Bergens Kunstforening i 1966 var eit lyddikt. Verbale kommentarar er og boka hans med teikningar og teikn frå 1970-åra krydra med (Syner i syttiåra). I 70-åra arbeidde T. mest med grafikk i svart-hvitt (litografi). Etter kvart har fargane kome til å spela ei større rolle både i serigrafi og måleri, og på utstillinga i Galleri Ingeleiv, Bergen 1982 viste han akvarellar. I utsmykkinga av heisdørene i barne- og fødeavdelinga, Sentralsjukehuset i Førde har han sameint sterke fargar med enkle strekteikningar av storkar med skrikande barn i knyttet, blomar og glade gratulasjonar.