Faktaboks

Nils Olavson Byrkjeland
Fødd
1791
Død
1845

B. var yngst av sju sysken, og feste i 1837 plassen "Myldeshaugen" under Mo i Steinsdalen. I 1814 låg han på grensevakt med Bergenhusiske skarpskytterbataljon. Han dreiv både med snekring og rosemåling. B. høyrer til "skautaskrinmålarane" i Kvam tidleg på 1800-talet. Dei måla i ein stil som er sers karakteristisk for Hardanger, med barokkrankar, firbladsroser, rytterfigurar og folkelivsskildringar på raudbotna skautaskrin. Ein av opphavsmennene til denne stilen var Per Anderson Århus frå Steinsdalen, og det utviklar seg ein lokal skule etter han i Kvam og Indre Hardanger, i ei form for utvida husflidsproduksjon eller serieproduksjon av skautaskrin og andre bruksting.

Bosatt (pr 1982-1986)

  • Steinsdalen Kvam i Hordaland