Faktaboks

Nils Berland
Fødd
1873
Død
1942

B. var gardbrukar og dreiv med rosemåling ved sida av. I tillegg til dette hadde han fleire verv; m.a. var han heradskasserar i mange år, og han var musikksersjant frå 1918.

Stilmessig høyrer han heime i den fargesterke blome-målinga til Os-målarane i andre halvdel av 1800-talet, sameleis som sambygdingen Anders Bolstad. Etter tradisjonen var B. ein sjølvlærd målar, men han må i alle høve ha hatt eit førebilete i Annanias Tveit, den sentrale målaren i Os-stilen.

B. måla skåp og kister med biletframstillingar av kyrkjer og hus i ein sterkt "botanisk" blomedekor. Han hadde sin marknad i bygdene i Hålandsdalen, men fikk også oppdrag frå Bergen i byrjinga av 1900-talet. Han hadde tydelegvis ingen kontakt med verkstads-produksjonen til Os-målarane, som var mellom dei første leverandørane til Husfliden i Bergen. Det finst arbeid etter B. i Hålandsdalen og Fusa kommunar.

Bosatt (pr 1982-1986)

  • Berlandstveit Hålandsdalen Hordaland

Litteratur

  • Brekke, N.G., Rosemåling i Midthordland, Bygdesoga for Os, Bergen, 1980