Faktaboks

Martha Præsttun
Fødd
1. desember 1909, Bergen

P. visste tidleg at ho ville bli malar, og ho tok kveldskurs i teikning samstundes som ho gjekk på middelskulen. Men for å ha eit trygt levebrød utdanna ho seg til diakonisse etter å ha arbeidd eit år som bud, tatt examen artium, vikariert som teiknelærar og vore 3 månader i Paris. Yrket kravde sitt, og først på 1950–60-talet byrja ho stilla ut bilde offentleg. I fleire år gjekk ho på Studieatelieret om vinteren og vikarierte som sjukepleiar rundt om i landet om sommaren. Som malar følte P. seg mest heime i den konstruktivistiske tradisjonen. Det er komposisjonen og abstraheringa som er det sentrale i hennar landskaps- og figurmaleri. Samstundes er det stor stilistisk variasjon i produksjonen hennar, og motiva spenner frå portrett og natur til byprospekt og religiøse scener. I tillegg til olje- og akrylmaleri har P. arbeidd mykje med mosaikk. Ho fekk svært positiv mottaking på sine første utstillingar, men endringane i kunstlivet på slutten av 60-talet minka interessa for den kunsttradisjonen og den generasjonen ho tilhøyrde. P. innsåg at kunsten kunne aldri bli nokon leveveg. Ho gjekk difor attende til sjukepleien og held opp med å senda bilde til utstillingar.

Familierelasjoner

Datter av

  • August Leonard Præsttun
  • Kathinka Larsen

Bosatt (pr 1982-1986)

  • Bergen

Utdannelse

  • Bergen kunsthåndverkskole kveldskurs i teikning
  • Gabriel Dahls malerskole, Bergen
  • Studieatelieret, Bergen under Alf-Jørgen Aas, Rolf Syrdahl, Karen Holtsmark og Thore Heramb 1960–62
  • Academia di belle Arti, Ravenna
  • Académie Scandinave, Paris 3 mnd. 1926–27

Stipender, reiser og utenlandsopphold

  • Bergen bys stipend; Lorch-Schives legat 1958
  • P. M. Røwdes legat 1962
  • Ambrosia Tønnesens legat
  • Studieopphald i Italia og Paris 3 mnd. 1926–27
  • studiereiser til Danmark og England 1950–60-talet

Stillinger, medlemskap og verv

  • Stemmerett Bildende Kunstneres Styre
  • Medlem Landsforeningen Norske Malere
  • Bildende Kunstneres Forening Bergen, styremedlem

Utstillinger

Kollektivutstillinger

  • Høstutstillingen, 1956
  • Høstutstillingen, 1959
  • Høstutstillingen, 1961
  • Høstutstillingen, 1963
  • Høstutstillingen, 1968
  • Vestlandsutstillingen, 1953
  • Vestlandsutstillingen, 1957-1962
  • Vestlandsutstillingen, 1964-1968
  • Bergens Kunstforening, 1962
  • Billedkunsten i Bergen. Status 70. Tilbakeblikk, Bergens Kunstforening, 1970

Separatutstillinger

  • Kunstnerforbundet, Oslo, 1963
  • Bergens Kunstforening, 1966

Litteratur

  • Bergens Tidende, 06.01.1962, (ill.)
  • Stabell, W., i Morgenavisen, 06.01.1962
  • Verdens Gang, 19.11.1963
  • Dagbladet, 19.11.1963
  • Aftenposten, 19.11.1963, (ill.)
  • Morgenbladet, 20.11.1963, (ill.)
  • Michelet, J. F., i Verdens Gang, 28.11.1963, (ill.)
  • Kunsten idag, 1963, hefte 66 s. 53
  • Rønning Johannesen, O., For den bildende kunst. Bergens Kunstforening ved 125-års-jubileet 1963, Bergen, 1963, s. 149
  • Kunst og Kultur, 1963, s. 59
  • Billedkunsten i Bergen. Status 70. Tilbakeblikk, katalog Bergens Kunstforening 1970, s.16
  • Simonnæs, O., i Bergens Arbeiderblad, 04.1966, (ill.)