Faktaboks

Lars Halvarson Solem
Solem, Lars Halvarson Fiske til 1828
Fødd
1799, Surnadal
Død
1886, samme sted

Bevarte sjablonar, notatar og oppskriftbøker etter S. viser at han hadde kontakt med andre målarar, mellom anna Jens Christensen Blegen. Saman med sonen sin, rosemålaren Lars Larsson S., dreiv han nærast ein rosemålarverkstad på Solemshaugen, og var ein særs aktiv målar. Kistedekoren vart etter kvart perfeksjonert slik at det er vanskeleg å skilja dei åt. Han er symmetrisk oppbygd i klåre, skarpe fargar på blåsvart botn, med namn og årstal i blomsterkransar på kvar side av midten. Karakteristisk er tyttebærblom-liknande, knuppeaktige blomar, plastisk forma av skugge og høglys. Fleire av kistene har S. påført eit nummer som viser talet på dei, den siste frå 1873 har nummer 557. Av og til er dekoren utførd med mønsterark og sjablonar og kan då til dels verka skjematisk og livlaus. Frå 1850-åra tok S. i bruk trykt dekor i ei ramme av måla blomar på kistene. Han bruka og ådring, marmorering og slagmetall i arbeida sine. Ved bruken av varierte verkemiddel og sin store produksjon har S. hatt mykje å seie for rosemålinga på Nordmøre.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Halvard Mikkelson Fiske, sølvsmed
  • Gjertrud Bersveinsdotter Aune

Gift med

  • 1828 med Rannei Larsdotter Solemshaugen (f. 1801)

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Nordmøre museum, Kristiansund
  • Trøndelag Folkemuseum, Trondheim
  • Rindal bygdemuseum

Litteratur

  • Sandal, T., Rosemåling på Nordmøre, Nordmøre historielags årsskrift, 1945, s. 64 (ill.)
  • Sandal, T., Fra en rosemalers verksted på Nordmøre, By og bygd, Norsk Folkemuseum årbok, Oslo, 1947, s. 103–16 (ill.)
  • Yderstad, O., Fra de gamle papirer hos en nordmørsk rosemaler, Nordmøre historielags årsskrift, 1951-1952, s. 420–38
  • Hyldbakk, H., Heimar i Surnadal, Orkanger, 1966, bd. 1, s. 106
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 231–32 (ill.)