I ungdomen budde T. hjå ein eldre bror som var bonde på Trageton i Ustedalen, Hol, og fekk namnet etter garden. Det er uvisst kor han lærte å rosemåle, men eit grunnlag fekk han truleg hjå den eldre sambygdingen Kitil Rygg. T. var ein dugande teiknar og viste sikker sans for komposisjon. Det finst få arbeid etter T. i Hol då han frå 1790-åra også var verksam i Ryfylke, der han i 1806 gifta seg og slo seg ned som målar og strandsittar på Nedstrand i Tysvær. Hovudverket hans er interiøret i stoga på Løland i Vanvik (1798). Draperier, ranker, figurar og inskripsjonar er stilmessig prega av renessanse og barokk. I takdekoren finst tverrknekte regenceband, sjeldsynt i hallingdalsk rosemåling. Koloritten er roleg og harmonisk, dominert av blått og brunraudt på lys okergul botn. Stilistisk dominerer hallingpreget også kistene i tida før 1800, slik at rosene symmetrisk omkranser eit sentralmotiv i kvart hovudfelt, som på ei kiste merka "M. S. D. H. Ano 1799" (Norsk Folkemuseum). Arbeida etter T. fekk stor innverknad på den dekorative målinga i Ryfylke fram mot midten av 1800-talet.
rosemaler
Lars Aslakson Trageton
Faktaboks
Lars Aslakson Trageton
Trøgaton, Lars Aslakson
- Født
- 1770, Skurdalen, Hol
- Død
- 14. mai 1839, Nedstrand, Tysvær
Familierelasjoner
Sønn av
- Ingeborg Larsdotter Borgen
- Aslak Olson
Gift med
- 1806 med Else Larsdotter Nærstrand
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- Norsk Folkemuseum
- Stavanger Museum
- Ryfylkemuseum, Sand
- Hol museum
Litteratur
- Røykstue og rosebu i Stavanger Turistforenings Årbok, 1931
- Kirkebygninger og hustyper i Rogaland, Turistforenings Årbok, 1932
- Malte rumdekorasjoner på Vestlandet, Bergens historiske forening, 1938, skrifter nr. 44
- i Dølaminne, 1969, (ill.)
- Rosemåling i Hallingdal, 1978, s. 38, 40, 220–22 (ill.)
- Norsk rosemåling, 1981, register s. 263 (ill.)
- i Norges kunsthistorie, 1982, bd. 3, s. 414–15 (ill.)