Faktaboks

Kristoffer Larson Hyttehaug
Fødd
18. september 1827, Møregg-grinda under Solemsvollen
Død
23. desember 1898

H. hadde vidtfamnande interesser, men det var ikkje råd til nokon skulegang. På eiga hand lærde han seg fleire språk og studera botanikk. H. var også felespelar, og skreiv ned ca. 200 gamle slåttar. I 1847 kjøpte far hans småbruket Hyttehaugen som H. seinare overtok. Det var eit rikt folkekunstmiljø i Budalen. Særleg kan treskjæraren John Hanson Budalsplass og sonen bilethoggaren Hans Budal ha verka inspirerande på H. Finstilt og presis treskjæring på småsaker som beger, krus, skeier og knivskaft er typisk for H. Ranker og bladverk dekker flatene i eit tett nettverk. Særleg var H. kjent som blomsterteiknar.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Eli Kristoffersdotter Storrø (f. 1798)
  • Lars Evenson Solemsvoll, husmann, felespiller (f. 1788)

Gift med

  • 1883 med Marit Pedersdotter Dahl

Bosatt (pr 1982-1986)

  • Budalen Sør Trøndelag

Litteratur

  • Enlid, O., Dansmusikk, bryllupsskikkar og spelemenn i Budal, Gauldalsminne, 1944, s. 104-05
  • Opland, E. M., i Adresseavisen, 06.02.1982, (ill.)