H. kom truleg som svært ung i lag med "Kongsbergmålaren" som læregut og hjelpesmann. Dei første åra er motiv og fargar prega av dette samværet, slik vi ser det i Solheimsstua frå Flesberg (1793, Drammens museum). Her står barokkblomar i blått, raudt og gult med djupblått eller grågrønt bladverk på gulkvite skåpfyllingar. Kring 1800 kjem rokokkostilen tilsyne, med C- og S-former i tette samanfiltra komposisjonar. Frå no av utvikla han sin eigen, sterkt personlege målarstil, ein spontant fri og omdikta rokokko med kryssande konturar og parallelle liner. Karakteristisk er også voluttane som endar i store, svarte sirkelflater. Eit anna særdrag er den merklege og vakre marmoreringa på listverk og i fyllingsfriser, ei improvisert uttrykksform som er frigjort frå materialimitasjon og andre førebilete. I den siste perioden er interiøra hans prega av empirestilen, sparsamt dekorerte, men med fin lasurverknad i koloritten. Han dreiv sitt allsidige handverk over heile Numedal. H. var også kjend som dugande peismurar. I Eiestua på Lågendalsmuseum Kongsberg, er det takdekor av H.
tømmermann,
snekker og
rosemålar
Kjetil Haukjem
Faktaboks
Kjetil Haukjem
- Født
- 1774, Veggli
- Død
- 1859, sst.
Familierelasjoner
Sønn av
- Viel Kjetilsdotter
- Ola Kjetilsen Haukjem
Gift med
- 1820 med Ingebjørg Pedersdotter Blakkestad
Offentlige arbeider
Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:
- Drammens museum
- NF
- Lågendalsmuseum, Kongsberg
Litteratur
- Meyer, J., Fortidskunst i Norges bygder, Numedal, Oslo, 1931, bd. 2, s. 37 (ill.)
- Norsk folkekunst, Oslo, 1953
- Kildal, K., Den dekorative maling i Numedal, Allers, Oslo, 1968, hefte 14, 15 og 16 (ill.)
- Langs Lågen, Lågendalsmuseets årbok, Kongsberg, 1979, hefte 2
- Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 123 (ill.) og s. 139