Faktaboks

Kitil Olsson Rygg
Rygg, Kjetil Olsson
Fødd
1727, Hol
Død
1809, samme sted

R. er etter Truge O. Gunhildgard den nesteldste kjende rosemålaren i Hallingdal. Alt i 1759 dekorerte han stova på Nestegard i Hovet, no på Hol museum. Heile rommet er overstrøydd med ranker og roser, blomar og frukter, bibelske og verdslege figurscener, fabel-dyr, fuglar og fiskar, tydelegvis med førelegg i biletbøker. Andre interiør etter R. er ikkje bevart, derimot fleire kister han har pryda med ryttar- eller dyremotiv mellom fantasiplanter på anten raud, blå eller svart botn. Teknisk utmerkja R. seg ikkje, men han var ein fin kolorist og særleg kistene har ein god, dekorativ verknad.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Ola Kitilson Rygg (f. 1669)
  • Ragnhild Larsdotter Brattåker

Gift med

  • Kari Torgeirsdotter Grostølen (f. 1744)

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Representert i Norsk Folkemuseum
  • Drammens museum
  • Hol museum

Litteratur

  • Berge, R., Kjetil Rygg. Eit 150-aarsminne (1759–1909), Kunst og kultur. Festskrift til Lorentz Dietrichson, (Kristiania, 1908, s. 253–63
  • Norsk kunsthistorie, Oslo, 1927, bd. 2, s. 651
  • Myhre, T. G., Hallingdalens historie, Drammen, 1928, bd. 1, s. 56
  • Reinton, L., Reinton, S. S., Folk og fortid i Hol, Oslo, 1938, bd. 1, s. 433
  • Asker, R., Rosemalingen i Hol. Drammen og Opland Turistforenings årbok, Drammen, 1944
  • Stigum, H., Visted, K., Vår gamle bondekultur, Oslo, 1951, bd. 1, s. 304
  • Hauglid, R. (Red.), Asker, R., Norsk folkekunst, Oslo, 1953, s. 64–65, 88 (ill.)
  • Norsk Biografisk Leksikon, Oslo, 1954, bd. 12, s. 46–47
  • Aschehougs konversasjonsleksikon, Oslo, 1971, bd. 16, spalte 654
  • Buskerud, Oslo, 1977, s. 257, 265 (ill.), Bygd og by i Norge
  • Breiehagen, P., Ellingsgard, N., Rosemåling i Hallingdal, Oslo, 1978, s. 208–16 (ill.)
  • Anker, P., i Norges kulturhistorie, Oslo, 1980, bd. 3, s. 278, 295 (ill.)
  • Aschehoug og Gyldendals store norske leksikon, Oslo, 1980, bd. 10, s. 156
  • Ellingsgard, N., Norsk rosemåling, Oslo, 1981, s. 115, 121–24, 186 (ill.)
  • Anker, P., i Norges kunsthistorie, Oslo, 1982, bd. 3, s. 404–05 (ill.)

Arkivalia

  • Asker, R., Rosemaling i Hallingdal, mest som den utviklet seg i Ål og Hol, Universitetet i Oslo, magisteravhandling