Faktaboks

Jens Christensen Blegen
Fødd
1771, Fåberg
Død
1850, Meldal

I folketeljinga for Fåberg 1801 står B. nemnt som "Portraitmaler", men noko portrett av han er ikkje kjent. B. fekk borgarbrev i Trondheim i 1806, og i 1826 vart dette fornya. Det finst skriftleg belegg for at B. har reist omkring i landet, mellom anna i Bergen, Molde og på Nordmøre. I Budstikken 1811 er det opplysning om ein Jens B. som har oppfunne og utprøvt ein "steensværte" på Toten. Dette var truleg B.

I 1812 var han komen til Hemne i Sør-Trøndelag der han måla i kyrkja. I 1819 måla han i Støren kyrkje, og i 1840-åra pussa han opp interiøret i Meldal kyrkje. Kyrkjemålinga til B. er i ein kjøleg klassisisme. Marmoreringa var han ein meister i å utføra. Han utførde òg romdekorasjonar i privathus. Truleg i 1814 utførde han eit stort arbeid på sjefsgarden Rishaugen i Rennebu. Over dørene der måla han lokale landskap. Pilasterpanela rom måla han på ein eigen måte. Særleg er taka særmerkt, der marmoreringa går over bord og bjelkar, t.d. Nordgard Holstad i Meldal.

B. er mest kjent som rosemålar. Han dekorera skåp, kister, ølbollar o.l. Blomster i vasar og kransar bruka han mykje, men også bibelske figurar. Figurane er ikkje vevd inn i resten av dekoren, men står som sjølvstendige innrama måleri på møblet. Han kunne òg laga sjølvstendige tavler med bibelske motiv. Det ser ut for at mykje av dette var laga for folk knytt til haugianar-rørsla. Figurane er søkt modellert med lys og skugge, men vert ofte stive og livlause.

B. signera mykje av det han gjorde. Han var ein meister i å måla bokstavar, og dei lange inskripsjonane hans på t.d. kister har ein stor dekorativ verknad. B. var ein allsidig kunstnar, difor kan ein ikkje peika på fargar og dekor som var særmerkt for han. Han meistra dei fleste fargar og teknikkar frå robust rosemåling til pastellsart klassisisme. Han marmorerte og laga treimitasjonar, la slagmetall og bruka sjablonar, samtidig som han òg måla figurar og landskap på frihand.

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Meldal Bygdemuseum
  • Trøndelag Folkemuseum
  • De Sandvigske Samlinger, Lillehammer

Litteratur

  • Grevstad, O., Håndverk, husflid og bygdekunst, Meldal Bygdebok, Orkanger, 1972, bd. 2, s. 409