Liv og virksomhet

I slekta til T. var det fleire målarar som kan ha verka inspirerande på arbeida hans, bl.a. oldefaren Rasmus Jacobsen Teilgaard, men ingen læremeister er kjend. I tida 1815-40 måla T. fleire kister og var den mest markante rosemålaren på Nordmøre. Stilen hans er særeigen med symmetriske komposisjonar av fjærliknande blad i C-formar rygg mot rygg. Fargane er kraftige, men godt avstemte på mørk blå eller grøn botn. T. var aktiv på fleire felt og samla og skreiv ned eventyr og sagn, interesserte seg for hagebruk og fruktdyrking, og sat som ordførar i Stangvik 1844-45.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Ellen Dorothea Teilgaard (f. 1755)
  • Elling Pedersen Tokle

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Representert i NF.