Faktaboks

Jørgen Christensen Garnaas
Fødd
1723, Nes, Hallingdal
Død
1798, Bergen

Han kom til Bergen ein gong mellom 1742 og 1751 der han var postførar, vart også kalla Jørgen Postfører. G. er særleg kjend for at han skar små figurar i elfenbein og kvalrosstann som framsteller norske bønder og fiskarar i deira respektive folkedrakter. Figurane som er 8–10 cm høge, er i somme høve utstyrte med attributtar, til dømes fisk, ljå, øks som symbol på kva som er den viktigaste næringsvegen i heimtrakta. Bilethoggaren Johann Gottfried Grund nytta beinfigurane som førelegg for dei norske statuane han laga etter initiativ frå kong Frederik 5. (1723–66). Grunds statuar vart oppsette i 1760–70 åra i parken ved Fredensborg Slot på Nord-Sjælland, Nordmandsdalen. Ein kjenner 22 av dei i alt 61 beinfigurane som må ha vore nytta som førebilete for Nordmandsstatuane forutan nokre få andre. Draktframstellingane er nøyaktige og, så langt det har vore råd å samanlikne med anna kjeldetilfang, til å lite på. Den Kongelige Danske Porcelainsfabrik laga i tida 1777–1814 ein "Nordmandsdal"-serie med porselensfigurar, kan hende med Garnaasfigurane som førelegg. Om G. var sjølvlærd eller ikkje, er eit ope spørsmål. I 1764 og 1766 vitja han København og Fredensborg Slot. Frå og med 1764 til 1771 fekk han ei årleg løn på 100 riksdaler for arbeidet med beinfigurane, ei løn som Frederik 5. hadde løyvd han. G. har også laga fleire tredokker påkledde folkedrakter. Ein slik serie som i 1771 var i det Kongelige Kunstkammer, vart seld på auksjon i 1824. Historisk museum, Universitetet i Bergen har 44 dokker som truleg er laga av G. Desse dokkene er med omsyn til klededraktene mindre pålitelege enn beinfigurane og ser ut til å ha hatt liten eller ingen direkte samanheng med beinfigurane og/eller Grund-statuane i Nordmandsdalen.

Familierelasjoner

Sønn av

  • Christen Garnås
  • Olaug Garnås

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Historisk Museum Bergen
  • Norsk Folkemuseum
  • Kunstindustrimuseet i Oslo
  • Nationalmuseum København

Litteratur

  • Lexow, E., Jørgen Garnaas og Nordmandsdalen, Bergens Museums Aarbok 1915–16
  • Christensen, V.P., Nordmandsdalen og dens Figurer, Kunstmuseets årsskrift, København, 1917
  • Thieme Becker, Allgemeines Lexikon der bildenden Künstler, Leipzig, 1920, bd. 13
  • Andrup, O., Om Nordmandsdalens Figurer, København, 1925, serie 2, band 1, side 78–86, Fra Arkiv og Museum
  • Bobé, L., Støtterne i Nordmandsdalen ved Fredensborg, Kunstmuseets årsskrift, København, 1942, s. 131–38 (ill.)
  • Uldall, K., De Garnaasske Figurer, København, 1943, serie 2, band 2, hefte 1, side 31–38, Fra Arkiv og Museum
  • Hendriksen, K., The riddle of Nordmandsdalen, American Scandinavian Review, New York, 1951, s. 33–37 (ill.)
  • Noss, Aa., To elfenbeinsfigurar, Kunstindustrimuseet i Oslo årbok 1968–69, Oslo, 1969, s. 115–19
  • Rasch Engh, R., Jørgen Garnaas. Den glemte halling som skapte modellene for skulpturene i Nordmandsdalen, Dølaminne, 1974, s. 12–20, (ill.)
  • Noss, Aa., Statuane i Nordmandsdalen, Oslo, 1977