Faktaboks

Ingebret Gunleikson Brekke
Fødd
1807, Brekke i Bondal
Død
1894

B. vart gift til Ølen i Sunnhordland i 1839 og slo seg ned på garden Dørheim. Etter tradisjonen kom han til Ølen på målarferd i 1837 saman med tre av brørne sine. I kyrkjeboka for Tuddal står det at B. flytte til Fjellberg prestegjeld som "tjenestedreng" i 1839. B. dreiv som målar og rokkedreiar ved sida av gardsbruket. Han var musikalsk, laga feler og spelte i brudlaup. Han var også ein dugande treskjerar. I målinga si høyrer han til Tuddal-Gransherad skulen, som syner påverknad både frå Glittenberg og Thomas Lurås.

I Telemark er det fleire interiør etter B., m.a. på Nordre Åsen i Tuddal. I Sunnhordlandsbygdene er det mest kister og skåp som er att av hans produksjon, og fleire av arbeida hans er signerte. I 1850 skar han ut altertavla i Ølen Kyrkje.

Offentlige arbeider

Utsmykninger og verk i offentlige samlinger:

  • Norsk Folkemuseum
  • Sunnhordaland folkemuseum Stord

Litteratur

  • Vesaas, ø., Rosemaaling i Telemark, Oslo, 1957, bd. 3
  • Ølen kyrkje 100 år, Jubileumsskrift, 1974

Faktaboks

Ingebret Gunleikson Brekke