Faktaboks

Gunder Handeland
Skule-Gunnar; Handeland, Gunder Gundersen
Fødd
1794, husmannsplassen Mula under Handeland gard, Valen i Sunnhordland
Død
1871

H. var skulehaldar i Eid på Halsnøy frå 1816, og flyttet i 1821 til husmannsplassen Skorven under Øvre Sæbø, sst. Han var også klokkar. H. hadde sitt lærdomsgrunnlag som rosemålar i eldre målartradisjonar i Sunnhordland og Ryfylke, truleg under innverknad av impulsar frå omvandrande målarar frå Hallingdal. I oppveksten hadde han kontakt med embetsmannskulturen gjennom oberst Koren Dahl på Handeland gard. Tydelegvis har H. vore orientert i litteratur og motivtradisjonar i samtida. Det er blomebarokkens kraftige rankar og roser som pregar stilen, og han har i særleg grad tykt om figurmotiv og folkelivsskildringar. Han har m.a. fleire variantar av motivet med framstilling av dei tre stender, eit sentralt vandremotiv i Europa på 1600- og 1700-tallet. Hjå H. har motivet ei umiskjenneleg lokal tilpassing, med offiser, prest, bonde, fiskar og sjømann. Også litterære motiv dukkar opp hjå H., til dømes Jeppe på Bjerget og Nille, Kasper Viintapper mfl. H. har måla altertavler og minnetavler i Eid kyrkje på Halsnøy og Utåker kyrkje. På Sunnhordland folkemuseum finst det ei rekkje kister med roser og kartusjar på blå botn, men det meste av produksjonen hans er spreidd kringom i Sunnhordlandsbygdene.

Litteratur

  • Utaaker, A., "Skule-Gunnar", Sunnhordland Årbok, 1981
  • Brekke, N. G., Rosemåling i Sunnhordland, Sunnhordland Årbok, 1981